Utviklet av Prege
– Vi takkar for tilliten som VTFK viser oss. Vi ser fram til samhandlinga, som startar allereie neste veke, seier prosjektdirektør i Hæhre, Asle Ståland. -Dette er eit viktig prosjekt for Hæhre, men også for nærområdet. Utbygging av Gassvegen er eit etterlengta prosjekt for vidare utvikling og utbygging på Frier Vest, der vi er i gang ned tomteopparbeiding, seier Ståland.
-Vi er kontraktspart med VTFK, men organiserer arbeida med eit internt arbeidsfellesskap med systerselskapa Isachsen Anlegg og Contur. Vi ser fram til å utnytte kompetansen og kapasiteten deira, seier prosjektsjef Wolfgang Mysliwietz i Hæhre. Multiconsult er av Hæhre engasjert som rådgjevar i prosjektet.
Fysiske arbeid vil starte i månadsskiftet november/desember, med ferdigstillelse sommaren 2026.
Prosjekt FV353 Rugtvedt – Surtebogen består av 3,9 km fylkesveg frå Rugtvedt til Surtebogen, og omfattar sprenging/masseflytting, vegbygging, VA, elektro og konstruksjonar. Som ein del av prosjektet skal det etablerast ny vannledning for Bamble kommune på strekninga. Hovuddelen av prosjektet skal finansierast med bompengar.